Source files of fsfe.org, pdfreaders.org, freeyourandroid.org, ilovefs.org, drm.info, and test.fsfe.org. Contribute: https://fsfe.org/contribute/web/ https://fsfe.org
You can not select more than 25 topics Topics must start with a letter or number, can include dashes ('-') and can be up to 35 characters long.
 
 
 
 
 
 

98 lines
3.3 KiB

<?xml version="1.0" encoding="utf-8" ?>
<html>
<version>1</version>
<head>
<title>Contribute - Informasjon for omsetjarar</title>
</head>
<body>
<h1>Informasjon for omsetjarar</h1>
<p>
FSFE er ein internasjonal organisasjon. Målet vårt er å nå flest mogleg
folk, og la dei taka del i våre aktivitetar. For å klare det ynskjer vi
å ha dei publiserte tekstane våre tilgjengelege på fleire språk og
målformer.
</p>
<p>
Mykje arbeid blir lagt ned i omsetjingane for vevsida, som utgjer hovuddelen
av offentlege tekster. Særleg dei hyppig oppdaterte sidane som
<a href="/index.html">forsida</a>,
<a href="/news/news.html">nyhendesida</a> og
<a href="/events/events.html">sida for hendingar</a> tek mykje tid. Meir
informasjon om korleis du kan yta hjelp med omsetjing av vevsidene finn du på
<a href="https://wiki.fsfe.org/TechDocs/Mainpage/Translations">vevomsetjaranes informasjonsside</a>.
</p>
<p>Men ikkje berre vevsidene trengjer omsetjing.
<a href="/press/press.html">Pressemeldingar</a>,
<a href="/news/newsletter.html">nyhendebrev</a>,
<a href="/contribute/spreadtheword.html">brosjyrer og flygeblad</a>
og andre tekster blir ogso lesi av fleire folk for kvart språk og målform
dei er tilgjengelege på.
</p>
<p>
Tekster blir ofte skrive på forfattarens eige språk, men vanlegvis ynskjer
vi å nytta engelsk som utgangspunkt for vidare omsetjingar. Difor trengjer
vi særleg hjelp med:
</p>
<ul>
<li>å omsetje frå andre språk til engelsk,</li>
<li>å lesa korrektur på engelske tekster skriven av personar med eit anna
morsmål enn engelsk, og</li>
<li>til å omsetje frå engelsk til andre språk.</li>
</ul>
<p>
Vår røynsle viser at dei beste omsetjingane kjem frå folk som omsett frå
eit framandt sppråk til deira mårsmål. Til å byrja med kan det vere klokt
å lesa gjennom sida <a href="/about">Om oss</a>, for å få ein betre idé om
planane, idéane, og verdiane til FSFE.
</p>
<p>
For nokre språk finnast det <a href="/contribute/translators/wordlist.html">ei liste
over mykje brukte ord</a> med deira respektive omsetjinar.
</p>
<p>
Omsetjing blir som oftast koordinert frå e-postlista til omsetjarane. Alle
som ynskjer å hjelpe til med omsetjingsarbeid kann
<a href="https://lists.fsfe.org/mailman/listinfo/translators/">tinga ho</a>.
</p>
<p>
Tekster blir ofte omsatt eller korrekturlest når dei er sende til lista
saman med ei opplysing om kva språket er. Alle som startar ei omsetjing
sender ofte ein e-post til lista for å unngå dobbeltarbeid. Ferdige
omsetjingar blir so sende til lista for å la andre lesa gjennom og gjere
framlegg om eventuelle forbetringar. Båe den originale teksta og omsetjingen
blir som oftast sende som vedlegg i rein tekst for å gjera kopiering-og-liming
lettare.
</p>
<p>
Ideelt har kvart språk ei gruppe med omsetjarar som kann avløysa kvarandre,
so at omsetjingane til eit språk ikkje er bunden av éin person.
</p>
<p>
Omsetjing og gjennomlesing av tekster er eit høgverdig bidrag til FSFEs arbeid,
og ein utmerka moglegheit for å spontant hjelpa til med aktivitetar i FSFE
utan å binda seg.
</p>
</body>
<translator>Andreas Tolf Tolfsen</translator>
</html>
<!--
Local Variables: ***
mode: xml ***
End: ***
-->